“Erkna” – Jernbåt på trebåtfestival

Artikkelen nedenfor er skrevet av Aksel Knutsen.

Med jarnbåt til trebåtfestival

Eg var så heldig å få vere med M/S “Erkna” frå Fosnavåg til Ulsteinvik, der skuta skulle visast fram under Trebåtfestivalen. Det finst mange grunnar til å gle seg over ein slik tur.

Den gamle fiskebåten hadde under siste verdskrigen med seg den største gruppa flykningar som blei med på ein kjøl over til Shetland. I alt seksti personar var med på turen. Johan Ottesen har skrive ei god samanfatning av denne hendinga og båtens historie elles. Eg har ei litt sær interesse kanskje, som drog meg til denne turen med “Erkna”.

erkna-2.jpg

“Erkna” nord om Bølandet. Foto: Aksel Knutsen

Motoren er ein saktegåande Callesen. Den motortypen hugsar eg frå barndomen i ein annan båt; rutebåten “Sigurd I”. Eg var fascinert over at båten kunne gå så fort med ei maskin som berre såvidt syntest å kome over sakte fart. Men eg er ikkje så veldig sær heller. Motorlydane var kjenneteikn for mange båtar. Vi smågutane kunne kjenne att båtane som var på veg inn på hamna nokre minutt før vi såg dei. Såleis kjende eg att “Sjøbris”, som også hadde ei saktegåande maskin; ein 1100 hk MAK – blei eg fortalt. Vår eigen båt, “Skarøy”, høyrde eg til og med i draumane. Ein 460 hestekrefters Alpha buldra så det klang borti Hornseten. Då heiv eg meg på sykkelen for å vere på plass i tide anten ved kaia vår eller ved sildoljefabrikken.

“Skarøy” blei kondemnert og søkkt vest for Flåvær. “Erkna” i 1984, men kom såvidt unna havsens botn. Ei stifting i Herøy ville verne båten. Dei fekk utbetalt kondemneringstilskotet, berre båten blei teken ut av fiskeri. Dei blei fort klar over at det er kostbart og veldig arbeidkrevjande å restaurere og halde vedlike ein så stor båt. Ein ide gjekk ut på å få skuta på land og gjere henne om til turistkontor. Men ettersom pengane mangla, fekk Arnfinn Karlsen i Tjørvåg overta “Erkna” for å restaurere henne. Han klarte jobben.

Erkna

“Erkna” ved kai i Fosnavåg. Foto: Aksel Knutsen

No ser “Erkna” ut omtrent som eg hugsar henne frå eg var smågut i Fosnavåg. Det er i grunnen utruleg at ein jarnbåt frå 1907 kan halde ihop så lenge og framleis tole ein liten vaskar av havbårer nord om Bølandet. Men på turen til Ulsteinvik tok skipper Petter Kvalsvik henne nord om alle grunnar før han sette kursen sørover og innover mot land att. Det gjorde turen ekstra minneverdig – å få kjenne korleis ho rørte på seg i sjøen og få øve meg i å stå sjøbein att. Altmoglegmann om bord, Oddvin Tarberg, tok seg ein tur rundt på skuta for åsjekke at ikkje noko stod på skade.

erkna-3.jpg

Skipper Petter Kvalsvik i styrehuset og altmoglegmann om bord, Oddvin Tarberg i bakgrunnen. Foto: Aksel Knutsen

No er det Herøy Kystlag som eig “Erkna”. Ho er fast stasjonert i Fosnavåg og vel verdt å sjå nærmare på. For den som ikkje kvir seg for å lese engelsk, er det lett å finne meir om “Erkna” på; warsailors.com

erkna-4.jpg

“Erkna” i Ulsteinvik ved sida av M/S “Hindholmen”

Denne artikkelen har one comment så langt!

  1. Sildakongen Arvid Otto says —

    Ja det er godt aa sjaa slike Veteranbaatar her eg sit paa Al Shaheen Oilfield i Qatar og styrer Skipstrafikken.
    Eg minnest godt daa liknnande baatar kom heim fraa Island i mi heimbygd Vedavaagen Karmoey.
    All heider og ros til alle som veit aa taka vare paa vaar gode Kystkultur.
    Alt for Noreg og Norskdomen.
    Helsing Sildakongen Arvid Otto
    Sildakongens Hall , Dokken Haugesund.

Skriv en kommentar